Dansk språkrådet
Danske ord med bløte konsonanter full!
Kan på dansk
Den bløde kyststriba er eit namn på dei dialektområda heilt sør i Noreg der konsonantanep, t, k har gått over til b, d, g i uttalen av mange ord.
Fenomenet er ofte beskrive som overgang til «blaude» konsonantar.
Faktaboks
- Også kjend som
den blaude kyststriba
Utbreiing
Hovudområdet for overgangen p, t, k til b, d, g er Sørlandet og Vestlandet frå Arendal til Midt-Ryfylke (til Skudenes på Karmøy).
Denne overgangen er i hovudsak eit kystfenomen, men vest på Agder og i mykje av Rogaland strekker området med overgang til b, d, g seg langt inn i landet.
Denne overgangen frå p, t, k til b, d, g betyr overgang frå ustemde til tilsvarande stemde plosivar.
Populært blir dette kalla overgang til «blaude» konsonantar. I fagspråket vil ein snakka om overgang frå fortes til lenes (ord frå latin), difor nemninga lenisering om dette dialektsærtrekket (fortes = sterk, kraftig og lenis = mjuk, mild).
Overgangen til b, d, g skjer med op