Kolumbus billett regler
Billett nord jæren video.
Nord-jæren kart
– Sniking truar kollektivtilbodet i Rogaland
Med jamne mellomrom blir politikarane i Rogaland orienterte om utviklinga i kollektivtrafikken, som fylket har ansvaret for. Men talet på reiser samsvarer ikkje med billettinntektene.
Tidlegare i november låg inntektene 11,5 millionar kroner under det dei hadde budsjettert med.
Dels på grunn av dei som ikkje betaler for billetten.
Til og med oktober meir enn 7 prosent av dei som blir sjekka i kontrollane på Nord-Jæren, viser tal Kolumbus har gitt fylkespolitikarane.
I dei andre kollektivområda av Rogaland er prosenten høgare.
I både Nord-Rogaland og Ryfylke nær 10 prosent.
– Dette er noko som truar kollektivtilbodet i Rogaland, for vi er heilt avhengige av billettinntektene vi får, seier fylkesordførar Ole Ueland (H).
Fleire snik i år enn i fjor
Da fylkesdirektøren la fram forslag til budsjett for Rogaland for neste år, stod det to ord det ikkje pleier i sakspapira: Snik-prosent.
Og da fleirtalspartia Frp, Høgre, KrF og Ve