Escape room ålesund
Aktiviteter i ålesund download...
Ting å gjøre i ålesund med barn
Utsiktpunkt
Dei trappetrinna opp til Aksla er ei oppleving i seg sjølv. Vi har ingen skyskrapar i Ålesund, men vil du opp på byens tak, så er det vesle byfjellet Aksla staden for deg. Du kan nesten ikkje seie du har vore i Ålesund utan å ha teke turen opp her.
Start gjerne i gågata og ta nokre ekstra trinn frå Tusenårstrappa til det første fine utsiktspunktet over byen.
Utdrikningslag ålesund
Deretter kryssar du byparken, der du kan helse på statua av vikinghøvdingen Rollon frå Giske. Nyt dei ulike utsiktspunkta oppover med namn som Strykejernet og Byrampen.
Har du ikkje mista pusten av stigninga og trappene, så gjer du det no, av den fine utsikta til Nordsjøen på den eine sida, Sunnmørsalpane på andre sida, byen framfor deg og fugleøya Runde i horisonten.
Etter ei lita pause, kan du følge stien innover Aksla til Rundskue, gå ned til Borgernes veg langs sjøen tilbake til byen, eller du kan studere dei artige trefigurane i skogen på veg ned Vannspringdalen til byen. Avslutt turen med ein av byens kjende